"Angst for glemte forgåelser hviler som skygger over 
              vårt liv" 
            Av Bjørn Sverre Hol Haugen, etnolog og odøling 
              Foredrag holdt på Milepelen kulturhus, Sand i Nord-Odal, mars 
              2004. 
            Det er mange ulike måtar ein kan sjå på ein forfattarskap 
              på. Noen forfattarar spreier seg i så mange retningar 
              at ein ikkje kan finne ein raud tråd å ta utgangspunkt 
              i. Med andre forfattarar kan ein sjå tidsperiodar eller tema 
              som døropnarar til ein forfattarskap. 
            Når det gjeld Sigurd Hoel, så kan ein både dele 
              inn forfattarskapen hans i tid og etter tema. Eller rettare kan 
              ein si at det er plassen handlinga er lagt til som gir eit utgangspunkt 
              for inndeling. Det er vanleg å skilje mellom tekstane som 
              handlar om bymiljø og dei som handlar om landsbygda. Når 
              det gjeld tida, er det vanleg å plassere 1920-talet som ein 
              fyrste bolk der forfattaren debuterte, kom på banen og hadde 
              det litterære gjennombrotet sitt. 1930- og 40-talet blir gjerne 
              samla som ein periode sjølv om andre verdskrigen lagar eit 
              dramatisk tidsskilje der. Siste bolken i forfattarskapen er 1950-talet. 
            Handlingsmessig finn ein få bygdemiljø i den fyrste 
              tidsbolken. Dei kommer etter kvart, samstundes som bymiljøet 
              kommer gjennom heile forfattarskapen.  
             
              Sigurd Hoel - liv og arbeid  
                
            Sigurd Hoel vart født på Sagstua skule, 14. desember 
              1890. Far hans var lærar og kjerkesongar Lars Anton Hoel, 
              mor hans var Elise Dorthea Nilsen. Faren var oppvaksen i Kråkstad, 
              mens mora var dotter til den tidlegare læraren på Sagstua, 
              og på det viset født og oppvaksen i Odalen. 
            Da Sigurd vart født var han nummer åtte i ein søskenflokk 
              på ni - han fekk seinare ei syster. Mellom desse barna var 
              det berre to gutar, og dei var eldst og nest yngst. Dette prega 
              på ulike vis oppveksten til Sigurd. Han hadde mest kontakt 
              med systrene, og særskilt Åsta som var yngre enn han. 
            I 1905 vart Sigurd konfirmert, og året etter reiste han til 
              Kristiania. Der skulle han gå på ein eittårig 
              middelskule. Alt på den tida hadde interessa hans for skjønlitteratur 
              vakna. Han produserte ikkje noe sjølv etter det vi veit, 
              men innimellom øktene med skulearbeid las han så mye 
              han kunne klare. 
            I 1909 gikk Sigurd Hoel opp til eksamen artium, med det resultatet 
              at han vart preseterist. (Høgast moglege karakter.) Så 
              skulle ein vel tru at grunnen var lagt for ei vitskapleg karriere? 
              Men nei, etter å ha prøvd seg som lærarvikar, 
              student innan både realfag og jus, sa han sjølv at 
              han tilfeldigvis vart skjønlitterær forfattar. Sigurd 
              Hoel gikk sigrande ut av ein nordiske novellekonkurranse med novella 
              "Idioten" i 1918. Dette var den skjønlitterære 
              debuten, og det førte til at han valde ei litterær 
              karriere.  
            Etter mye slit kom novellesamlinga "Veien vi gaar" i 
              1922. I 1924 skreiv han romanen "Syvstjernen", som ein 
              kan kalle ein konstruksjon etter inspirasjon frå Franz Kafka 
              si dikting. Den fyrste romanen vart følgt opp av ein ny, 
              "Syndere i sommersol" 
              som kom i 1927. Denne romanen er av mange rekna som det litterære 
              gjennombrotet hans, og dessutan vart han sterkt protestert mot på 
              grunn av det "nestan-pornografiske" innhaldet. I 1929 
              kom romanen "Ingenting" og dessutan skodespelet "Mot 
              muren". 
            I 1930 skreiv Hoel i samarbeid med Helge Krogh skodespelet "Don 
              Juan". I 1931 fekk Hoel andre premie i ein norsk romankonkurranse 
              med boka "En dag i oktober", Denne vart motteken minst 
              like kraftfullt som "Syndere i sommersol", og boka vart 
              stempla som svinsk og umoralsk. Den var dessutan utløysande 
              årsak til ein avisdebatt som starta 28. oktober 1931 med innlegget 
              "En skitten strøm flyter utover landet", signert 
              Fredrik Ramm. 
            I 1933 kom eit av Hoel sine største arbeid. Dette var også 
              ein roman, og det er mange som reknar den for å vera det beste 
              han har skrivi. "Veien 
              til verdens ende" er tittelen. I 1935 kom "Fjorten 
              dager før frostnettene" som vart følgt av "Sesam 
              sesam" i 1938. "Prinsessen på glassberget" 
              er den andre novellesamlinga hans, og den kom i 1939. Denne har 
              sterk samanheng med "Veien til verdens ende". 
            I dei fyrste krigsåra, da Hoel budde i Odalen, gav han ut 
              "Arvestålet" (1941). Dette var fyrste del av ein 
              tobands roman frå 1800-talet. Åleine blir denne romanen 
              vurdert som noe av det dårlegaste Hoel har skrivi, men sett 
              i samanheng med oppfølgaren "Trollringen" 
              blir boka av langt betre kvalitet. I 1947 kom krigsromanen "Møte 
              ved milepelen" og i 1951 skreiv han ein oppfølgjer 
              av "Syndere i sommersol". Den har tittelen "Jeg er 
              blitt glad i en annen". 1954 vart året for "Stevnemøte 
              med glemte år" - den tredje romanen som er knytt til 
              andre verdskrigen. I 1956 skreiv han "Ved foten av Babels tårn" 
              og han avslutta den litterære karrieren med "Trollringen" 
              som kom i 1958. 
            I alle desse åra gjorde Hoel mye meir enn å skrive 
              bøker. Alt i 1911 tok han til som bok- og teatermeldar, og 
              i 1921 fekk han stilling som konsulent hos Gyldendal Norsk Forlag, 
              ei stilling han hadde resten av livet. 
            Den litterære produksjonen femnar om meir enn skjønlitteratur. 
              Gjennom jobben i Gyldendal skreiv han forordet til dei fleste av 
              romanane i ein serie dei kalla "Den gule serie" med omsett 
              litteratur. Fororda vart gitt ut i to bolkar, fyrst "50 Gule" 
              i 1939, og "De siste 51 Gule" i 1951. Sigurd Hoel valde 
              ut ofte unge og ukjente forfattarar frå ulike land, og introduserte 
              dei for norske lesarar. 
            Hoel vart også etter kvart essayist, og kom i 1945 med samlinga 
              "Tanker i mørketid". Etter den kom "Tanker 
              fra mange tider" i 1951, "Tanker mellom barken og veden" 
              i 1952 og til slutt "Tanker om norsk diktning" i 1955. 
            Han var gift to gongar, fyrst med barnepsykolog Caroline Schweigaard 
              Nicolaysen (Nic, seinare gift Waal) i 1928. Ekteskapet vart løyst 
              opp i 1936, og han gifta seg oppatt same året med Ada Mohn 
              Ivan. 
            Sigurd Hoel døydde den 14. oktober 1960, og er gravlagt 
              i æreslunden på Vår frelsers gravlund. 
             
              "Synderen" 
              Det litterære gjennombrotet hans kom altså i 1927, med 
              romanen "Syndere i sommersol". Sigurd var 36 år 
              gammal, og heftig forelska i Caroline Schweigaard Nicolaysen eller 
              Nic som ho vart kalla. Dei hadde nettopp forlova seg. Nic var 15 
              år yngre enn Sigurd, og tilhørte i større grad 
              enn han sjølv den generasjonen ungdom han skriv om i boka. 
              I tillegg var ho ein sjølvstendig medisinarstudent, seksuelt 
              frigjort og erfaren til å vera 21 år i 1926. Ho var 
              krevjande å elske, og sjalu på arbeidet Sigurd ofte 
              prioriterte framfor henne. 
            Eigentleg var det eit skodespel Sigurd skulle få ferdig, 
              men det ville ikkje bli til. I staden voks det fram ein roman på 
              svært kort tid. I løpet av ein ettermiddag var hovudhandlinga 
              nedteikna, resten gjorde han ferdig mens han og Nic var på 
              bryllaupsreise i Vestfold, og seinare same hausten mens han leigde 
              seg inn på Espa, nær Minnesund. 
            Det kom sterke reaksjonar på boka. Ein søndag vart 
              han refsa frå sju preikestolar i hovudstaden. Betre reklame 
              skal ein kanskje leite lenge etter? 
            I juleveka i 1927 selte boka 1000 eks kvar dag, og biblioteka hadde 
              lange ventelister heile vinteren. Men kva var det som gjorde boka 
              til sprengstoff? 
            Var det erotikken, var det usømmeleg oppførsel han 
              skildra så raudna steig i andletet åt lesaren? Nei, 
              eg trur ikkje det var erotikken i seg sjølv. Eg trur det 
              var kvinnerolla som opprørte mest. Her var plutseleg ei bok 
              der kvinnene var dei mest aktive i det erotiske forholdet så 
              vel som i debattane ungdommane imellom. Kvinnene dreiv og utdanna 
              seg i tidlegare typiske mannsyrke, dei ser seg sjølv som 
              frigjorte, dei har tydeleg seksuell appetitt og dei sett krav til 
              mannfolka dei har rundt seg. Og på toppen av det heile driv 
              Sigurd Hoel litt gjøn med desse unge, såkalla frigjorte. 
            Biskop Johan Lunde kom til å karakterisere det bra: "Før 
              syndet ungdommen i dølgsmål og med ond samvittighet; 
              nu synder de i sommersol og med glade øine." 
             
              Sigurd Hoel i eigne verk 
              Eit evig debattema når det gjeld skjønnlitteratur, 
              er forholdet mellom forfattaren og dei litterære figurane 
              hans. Vi har heile spekteret av forfattarar - frå dei som 
              skriv såkalla nykkjeltekstar der ein som kjenner miljøet 
              godt kan kjenne att faktiske personar i det litterære galleriet. 
              I andre retninga har vi diktarar som skriv om miljø og figurar 
              som står svært fjernt frå deira eigne liv. 
            Sigurd Hoel er ein vanskeleg forfattar på det viset. Han 
              bjor på så mye av seg sjølv i bøkene sine. 
              Samstundes er det få av verka hans som kan kallast nykkjelverk. 
              Han skjuler seg i litteraturen sin, og han kommer til syne i litteraturen 
              sin. Og det er vel framleis slik at historisk biografisk metode 
              er den mest allmenne innfallsvinkelen til skjønnlitteratur. 
              I alle fall for lekfolk. For litteraturforskarar har denne metoden 
              vori ein raud klut i mange tiår, og slett ikkje stuerein å 
              bruke. Men den allmenne lesaren har likevel vori på jakt. 
              På jakt etter kva hendingar i livet til forfattaren som har 
              kommi til syne i fiksjonen. På jakt etter å kjenne att 
              persongalleriet eller miljø som blir skildra.  
            Og ekstra problematisk blir ei slik tilnærming når 
              ein i eit lokalmiljø som vårt jobbar med både 
              å presentere personen Sigurd Hoel og litteraturen hans. Det 
              er mange som trår på skrå og blandar i hop dei 
              to delane. 
            Forfattaren sjølv var nok svært klar over dette dilemmaet. 
              Dels fordi han var ein svært erfaren lesar sjølv. Dels 
              fordi han fekk erfare kva det kosta å legge handling, miljø 
              og persongalleri i fiksjonen nær opp til sitt eige liv. Det 
              fyrste dømet var i skodespelet "Mot muren" som 
              kom i 1929. Her skildrar han miljøet omkring den revolusjonære 
              rørsla og tidsskriftet "Mot dag" som han sjølv 
              var del av. Han var mellom anna redaktør for tidsskriftet 
              - i lag med Erling Falk som var ein av dei portretterte i skodespelet. 
            "Skriv så du rødmer, og så blir det bra 
              litteratur" skal Sigurd sjølv ha sagt. Og truleg raudna 
              både han sjølv og andre av dette stykkjet og seinare 
              verk. Det er mange som hevdar å finne det radikale trekløveret 
              "Hoel, Krogh, Øverland" i romanen "Sesam sesam", 
              på same viset som det er mange som leitar etter Sigurd Hoel 
              i Anders i "Veien til verdens ende". 
            Da Sigurd Hoel debuterte som skjønnlitterær forfattar 
              vart han spurt om han hadde planar om ei litterær karriere. 
              Han svarte at han hadde to bøker han visste han skulle skrive. 
              Den eine var om oppveksten til ein unge. Seinare sa han at boka 
              "Veien til verdens ende" hadde teki all tida hans i sju 
              år. Boka kom i 1933, og mange reknar henne som eit av hovudverka 
              i Sigurd Hoels dikting.  
            I boka følgjer vi guten Anders frå den fyrste tida 
              han kan hugse til han er omtrent 16 år. Romanen har to hovuddelar, 
              "Edens have" og "Bygden". Desse er så 
              delt inn att i 27 kapittel, som er meir eller mindre sjølvstendige. 
              Denne relativt lause samansettinga gjer at romanen grensar tett 
              opp til novellesyklus som genre. 
              Anders er liten. Berre Åse er mindre enn Anders av barna på 
              garden Rogstad. Dei eldre systrene Kari og Tora står lenger 
              frå Anders enn Åse. Dei fire ungane bur på garden 
              i lag med mor og far, tenestejenta Gorine og tenesteguten Embret. 
              Og noen meir perifere tenestefolk. Anders si verd utvidar seg gradvis 
              frå å gjelde huset til garden til bygda. Ved slutten 
              av romanen skal Anders ut av bygda for vidare utdanning. 
            Vi følgjer Anders frå tidleg barndom til nesten vaksen 
              alder. Heile vegen stikk redselen fram i handlinga. Anders er redd 
              for mørkret, han er redd for alt ukjent. Han drøymer 
              om natta så han blir redd av det, ord han ikkje forstår 
              eller ikkje kan uttala skremmer han, og ikkje minst er han redd 
              for Gud. 
            Øystein Rottem hevdar at denne romanen er den der Sigurd 
              Hoel i minst grad omarbeider sine eigne røynsler. Samstundes 
              held han fast ved at det ikkje er ein sjølvbiografisk roman, 
              slik eg så gjerne seier meg samd i. 
            Og det er ikkje den konkrete handlinga som blir interessant for 
              meg i romanen. I alle fall ikkje i høve til eit spørsmål 
              om kva som er sanning og ikkje i boka. Det er dei kjenslene forfattaren 
              skildrar hos barnet, redsla, gleda, kjærleiken og sorga. Det 
              er korleis omverda til barnet vidar seg ut og bjor på nye 
              utfordringar. Og det er i eit meir analytisk perspektiv kva oppveksten 
              har å si for forming av eit menneske. 
            Dette siste var også Sigurd Hoel sjølv opptatt av. 
              Det var også eit tema i tida. Psykoanalysen var introdusert 
              i intellektuelle krinsar på den tida. Sigurd Hoel hadde lesi 
              Sigmund Freud for mange år sidan, men nå var han interessert 
              i analysen frå ein meir personleg ståstad. Sigurd gikk 
              sjølv i analyse i fleire år. Sjølv sa han at 
              det var mye av ein slags test på om analysen kunne bringe 
              på det reine om det han hugsa frå dei fyrste åra 
              sine stemte. Analytikaren heitte Wilhelm Reich, og Sigurd var sterkt 
              knytt til han gjennom det meste av 1930-talet. 
            Dette nedfelte seg sjølvsagt i det han skreiv på den 
              tida. Romanen "Fjorten dager før frostnettene" 
              problematiserer ei krise hos hovudpersonen, legen Knut Holmen. Det 
              handlar om val i eit menneskeliv - kan ein fritt velja eller er 
              det noe som styrer vala? 
              Spørsmålet om kva som styrer i ein persons liv, kva 
              som gjer at ein vel å gå til ei side i staden for ei 
              anna - det er eit tilbakevendande tema hos Hoel. Og han brukar det 
              i ein samtidsroman i ei tid da det å velja side var viktigare 
              enn noen annan gong på 1900-talet. Det handlar så klart 
              om romanen "Møte ved milepelen". Det handlar så 
              klart om andre verdskrigen. 
            Hovudpersonen i romanen er "Den plettfrie". Han er ein 
              som ingen kan ha noe å utsetta på. Han har ikkje gjort 
              noe gali. Han har stått på rett side. Men så tar 
              han til å lure på kvifor så mange han kjenner 
              har hamna på andre sida. Han lagar analysar av kjenningar, 
              freistar kartlegge kva i livet deira som gikk gali. Etter kvart 
              skriv han om si eiga fortid. 
            Handlinga i romanen er bygd opp som ein spaningsroman, der det 
              etter kvart blir avdekka samband mellom personar som ein ikkje fyrst 
              trudde hadde noe å gjera med kvarandre. På det psykologiske 
              planet handlar romanen i langt større grad om innhaldet i 
              setninga Sigurd Hoel la i munnen på Knut Holmen i "Fjorten 
              dager før frostnettene": "Angst for glemte forgåelser 
              hviler som skygger over vårt liv." For det viser seg 
              at Den plettfrie har ein son som er nazist. Og da dukkar det jo 
              opp - spørsmålet om kven som eigentleg har skuld. Samstundes 
              som spørsmålet om kva som fører fram til dei 
              vala eit menneske tek i livet. Slik det kommer fram mellom anna 
              i "Møte ved milepelen". 
             
              Trollringen - skuld og lagnad 
              Ved forfattardebuten hadde Sigurd sagt at han hadde planar om to 
              andre bøker han skulle skrive i livet sitt. Den eine var 
              som vi alt har hørt "boken om barnet". Den andre 
              skulle ha handling frå ei avstengt skogsbygd, og romanen skulle 
              ha eit historisk tidsbilete. Det konkrete utgangspunktet var nok 
              ei historie frå heimbygda Odalen. Historia om avrettinga av 
              husmannsguten Kristian i 1833. Halshugginga hadde gått føre 
              seg rett ved sidan av skulen der Sigurd vaks opp. Og mytane rundt 
              avrettinga er nok den mytekransen som har hatt seigast liv i Nord-Odal 
              dei siste hundreåra. 
            Fyrste delen hadde Sigurd alt gjort unna før "Møte 
              ved milepelen". Det var "Arvestålet", som kom 
              i 1941. Men alle som kjente forfattaren og litteraturen hans forsto 
              at den boka var opptakt til noe meir. I det minste hadde dei von 
              om det, for "Arvestålet" hadde verkeleg ikkje den 
              kvaliteten ein kunne vente av Sigurd Hoel. 
            Så skulle det gå lang tid før framhaldet av 
              "Arvestålet" kom. Det skulle gå heilt til 
              1958 og avsluttinga på forfattarskapen. Som mange før 
              har sagt: det vart ei verdig avslutting. Som ei hjelp til dei som 
              ikkje har "Arvestålet" friskt i minnet når 
              dei går laus på Trollringen, har han skrivi eit innleiingskapittel 
              som summerer opp boka. 
              Handlinga i Trollringen føregår i ei avstengt austlandsbygd 
              i fyrste helvta av 1800-talet. Vi møter to hovudpersonar 
              i romanen, Håvard og Rønnau som nettopp har gifta seg. 
              Rønnau er enkje og har ei stedotter som er dotter til fyrste 
              ektemannen hennar. Rønnau og Håvard bur på garden 
              Olstad, som tilhørte den fyrste ektemannen til Rønnau. 
            Håvard har gått i lære hos presten Thurmann, 
              både i heimbygda i Telemark og i nabobygda til Nordbygda der 
              Olstad ligg. Hos presten har han lært om jordbruk slik mange 
              prestar den gongen formidla det - om korleis bøndene kan 
              få betre avlingar gjennom å legge om drifta. Fyrst verkar 
              Rønnau positiv til dei ideane Håvard vil setta ut i 
              livet, men etter kvart syner det seg at ho nok står fastare 
              i gamle tradisjonar og gammal tenkjemåte enn det fyrst såg 
              ut til. Håvard har ingen lett jobb med reformasjonen sin. 
              Han møter motvilje hos husmennene på garden, og ein 
              sjalu naboenkjemann som hadde sett seg ut Rønnau til kone 
              og Olstad som tilleggsjord, lagar også problem. 
            Forholdet mellom Håvard og Rønnau verkar godt i fyrstninga. 
              Dei held i hop, og fungerer godt både seksuelt og sosialt. 
              Noe barn får de aldri, og graviditeten som Rønnau brukte 
              for å binde Håvard til seg viser seg å vera oppdikta. 
              Både graviditeten og det manglande barnet gir Håvard 
              ord på seg for å ha legi seg til garden. 
              Håvard blir aldri riktig heime på Olstad. Noe av grunnen 
              er at han aldri har kommi over kjærleiken til Tone heime i 
              Telemark. Han svikta Tone til fordel for Rønnau, og Tone 
              gikk i fossen. Håvard kjenner det som om det var jamgodt med 
              at han hadde teki livet av henne. 
            Etter kvart blir Håvard og Rønnau trekt i frå 
              kvarandre - det blir ein ismur mellom dei. Stedotter til Rønnau 
              har vorti vaksen, og etter kvart blir det ein varm venskap mellom 
              Kjersti som ho heiter, og Håvard. Rønnau er ulideleg 
              sjalu på "forholdet" mellom Kjersti og Håvard, 
              som eigentleg ikkje er noe forhold på det viset Rønnau 
              trur. Rønnau vil sende Kjersti bort, og freistar å 
              få henne gift med ein Kjersti ikkje vil ha. Ho lukkast ikkje. 
              Rønnau og Kjersti hamnar i ein krangel som fører til 
              at Rønnau ryggar bakover og detter med hovudet mot peiskanten. 
              Etter noen dagar døyr Rønnau. Bygdesladderen heng 
              seg opp i at Kjersti ikkje viser sorg, og skuldar henne for å 
              ha drepi stemor si. 
            Det blir rettssak, og da Kjersti innrømmer at ho har kjensler 
              for Håvard er det små sjansar for frikjenning - med 
              eitt hadde ho jo eit motiv. Den einaste sjansen for frifinning er 
              at noen andre skal ta på seg skulda, og for å spara 
              Kjersti gjer Håvard det. Han blir dømt til dauden ved 
              halshogging for eit mord han ikkje har gjort. På eit vis kjenner 
              han seg likevel skuldig, fordi han sveik Tone så ho tok livet 
              av seg. 
            Mens Håvard sitt i fengselet, driv noen av slarvekjerringane 
              i bygda Kjersti utfor eit stup så ho òg døyr. 
              Dette får ikkje Håvard veta, og han blir utsett for 
              den skjelvne handa til skarprettaren. Fyrst ved fjerde hogget blir 
              hovudet skilt frå kroppen. 
             
              Det frie valet 
              Handlinga i Trollringen er lagt til tidleg 1800-tal. Men problemet 
              som forfattaren tar opp i romanen er uavhengig av tida. Rett nok 
              har han gitt det ein tidsmessig koloritt - det ufrie valet kjem 
              fram gjennom lagnaden til personen. Men spørsmålet 
              i seg sjølv er det same som i "Møte ved milepelen" 
              og i "Veien til verdens ende". Det er jakta på kva 
              som styrar ein persons liv. 
            Om ein tar for seg den samla forfattarskapen til Sigurd Hoel, så 
              ser ein at det er einskilde trekk som går att. Det handlar 
              om menneske som tar val i livet sitt. Det handlar om kva som påverkar 
              vala dei tar. I ytste konsekvens stiller han spørsmål 
              om det er eigentlege val eller om noen har valt for ein. 
            I "Veien til verdens ende" freistar han synleggjera kva 
              barndommen har å si for eit menneske seinare i livet. Barndommen 
              er viktig, forholdet til næraste familien påverkar kvar 
              ein hamnar, kven ein blir, kven ein kan bli.  
            Abstraksjonsnivået er på mange vis enda høgre 
              i "Møte ved milepelen". Det dramatiske møtet 
              Den plettfrie har med sin eigen son som har valt andre sida under 
              krigen, sett dette i perspektiv. Kva er det som er avgjerande i 
              forhold til verdival - er det arv, er det miljø, er det kombinasjonar? 
              Og kven er det da som skal setta seg til doms over andre? 
              Men samstundes handlar det ikkje om at Sigurd Hoel driv og skriv 
              ansvaret verken frå seg sjølv eller romanfigurane sine. 
              Men han forklarer kvifor noe blir som det blir. 
            Plassert lenger bakover i tid, som i Trollringen, blir dei same 
              vegvala satt inn i ein historisk kontekst. I Håvard Vilands 
              sjølvrefleksjon visar dei same type vegvala seg som lagnaden. 
              For ein tidleg 1800-tals romanfigur verkar det heilt legitimt å 
              tru på ein slik lagnad. Skulda for at Rønnau dør 
              er på ein måte hans fordi han valde henne framfor Tone 
              som gikk i fossen for hans skuld. For oss som lesarar kan det like 
              mye vera dei same ufrie vala som i dei andre verka. Ikkje ein udefinerbar 
              og overjordisk lagnad, men ein tett ihopvoven følgje av arv 
              og miljø. 
            For Sigurd Hoel var dette problem som opptok han stadig sterkare 
              ettersom tida gikk. I unge år trudde han nok på det 
              frie, sjølvstendige individet som kunne fatte avgjerder på 
              intellektuelt grunnlag. Etter kvart måtte han nok innsjå 
              at det var fleire faktorar som virka inn på dei grunnleggande 
              avgjerdene i livet til eit menneske. 
            Ettersom psykoanalysen var ei sterk påverkingskjelde for 
              Sigurd Hoel, er det naturleg at han relaterar mange av dei spørsmåla 
              som gjeld desse livsvala til seksualitet. Psykoanalysen legg opp 
              til det. Det som er ei bakside ved denne sterke bindinga mellom 
              spørsmålet om det frie valet og forklaringa gjennom 
              seksuelle frustrasjonar og bindingar, er at nettopp det seksuelle 
              og framleis ofte tabubelagte står i vegen for å forstå 
              og tolke den kombinasjonen av arv og miljø som kan gi forklaring 
              på problemet.  
            Sigurd Hoel handsama problemet skjønlitterært. Fleire 
              andre har hatt samfunnsforskarens perspektiv på same sak. 
              Den franske kultursosiologen Pierre Borudieu talar om habitus som 
              eit liknande fenomen. Han ser på korleis ulike lag av folket 
              nærmar seg til dømes kunst. Og han hevdar at dei som 
              er oppvaksne i overklassa og dermed ofte har eit naturleg og avslappa 
              forhold til såkalla "finkultur" har ein forse i 
              samfunnslivet. Han peikar på at denne habitusen som viser 
              seg gjennom ulik grad av det han kallar kulturell kapital - altså 
              evne til å oppleva, tolke og formidle i hans tilfelle biletkunst 
              - er ein seig struktur som endrar seg lite over tid. Det tar gjerne 
              fleire generasjonar før mønsteret blir endra, og det 
              er gjerne i generasjonsskifta det er rom for særleg endring 
              i det heile. 
            Vi ser noe av det same perspektivet hos Sigurd Hoel. I "Trollringen" 
              er det lagnaden. I "Veien til verdens ende" er det best 
              uttrykt gjennom orda tenesteguten Embret sender med Anders ut i 
              den store verda: "Det kommer til å hende deg mye rart. 
              (
) Og etterpå - så skjønner du at allting 
              har hendt deg før du var ti år. (
) Sea hender 
              det bare oppatt." 
            Og for å poengtere korleis dette sentrale spørsmålet 
              Sigurd Hoel handsama i diktinga også er aktuelt i dag: Sosialantropologen 
              Thomas Hylland Eriksen har kommi med ny bok. Tittelen er "Røtter 
              og føtter". I bokomtalen som sto i Aftenposten 23. mars 
              2004, blir det sitert frå boka - og det handlar nettopp om 
              det frie valet. Han skriv i kapitlet om tradisjon: "Det frie 
              valet finst ikkje fordi det blir teken innanfor ein forpliktande 
              sosial samanheng." 
            Gjennom å sjå etter ein raud tråd i forfattarskapen, 
              gjennom å gjera noen djupdykk inn i einskilde av verka til 
              Sigurd Hoel, har eg freista komma bakanfor den ytre handlinga. På 
              det viset blir diktinga til Sigurd Hoel viktigare enn kva i handlinga 
              som har rot i verkeleg historie og kva som er fiksjon. Samstundes 
              vonar eg eit slikt fokus kan gjera at fleire tar tak i tekstane 
              hans og gler seg over dei. Det er mange å ta av, dei fleste 
              tåler å bli lesne fleire gongar. 
           |